Close
20190309_Naustdal-HeroFood_0004

KVALITETSBAKST GJENNOM GENERASJONAR

Vi er stolte av det vi lagar. Smakfulle brød, dekorative kaker og ein velkomponert sandwich er eit resultat av mange års kompetanse.  

EKTE HANDVERK

På bakeriet er det mykje varme. Og gode lukter. Å kome inn i eit slikt produksjonslokale, når bollane kjem ut av omnen, kjenne varmen frå raskebana og sjå på røynde og raske hender som tømmer brødformer, det er godt.

God smak sidan 1888

Sidan 1888 har familien Berntsen bakt brød til sunnfjordingar. Ole Berntsen sende ferske bollar og brød med båt til grendene ved fjorden. Tradisjonane er med når no fjerde generasjon Berntsen styrer bakeriet.

 

Saman med engasjerte og røynde medarbeidarar jobbar vi kvar dag, for å ta vare på den gode smaken vi er blitt kjend for.

EIN GOD KOPP KAFFI I EIN LUN SOFA

Kaffi høyrer med på kafébesøk. Og han må vere god. Kaffibrenneriet Jacu i Ålesund kan faget sitt, og er opptekne av å finne dei aller beste kaffibønnene. Dei kjøper små parti med bønner av høgaste kvalitet frå engasjerte kaffibønder i Afrika, Mellom-Amerika og Sør-Amerika. Dei sikrar bonden ein god pris for den beste kvaliteten. Ei mildare brenning får fram nyansane frå råvarene og sikrar deg ei unik smaksoppleving. Dei brenn kaffi kvar veke, og vi er alltid sikra fersk kaffi til våre utsal.

 

Sjå våre kaféar her

@dampbakeriet