Olefine Conditori

Vi er spesielt stolte over vårt breie utval av kaker og konditorkunst. Konditoriet vårt jobbar kontinuerlig med utvikling av nye produkt og velsmakande komposisjonar. Nokre av desse kan du sjå på bileta over. Ynskjer du eit spesielt motiv tar våre kreative konditorar gjerne utfordringa.

Olefine Conditori har lenge fungert som opplæringsinstitusjon for konditorar. Kvart år har vi som regel 1-2 kandidatar oppe til fagprøve. Dei siste åra har vi fleire gonger delteke med lærlingar i Noregsmeisterskapen for unge konditorar, og har fleire gode resultat å vise til. Rekruttering er noko både bakeri og konditoribransjen slit med, og vi er difor svært opptekne av dette. Målet er å gjere denne utdanninga så spennande og morosam som mogeleg for kandidatane.